Frå Bandet mot Turtagrø
Fuglesteg
Frå Krokberg

Presentasjon av Lustrafjella

Privat side under bygging

Historie

Om fjella våre

Klikk her

Film og bilde

Ein tur til fjells

Klikk her

Aktivitet

Kva skjer i fjellet?

Klikk her

Dei ville fjella

Luster handlar mykje om fjord, fjell og bre. Folk har budd på ei lita stripe i botnen av dalane, langs Lustrafjorden eller på ei fjellhylle over ein dal eller fjorden.

Nesten det samme kvar folk har budd, har fjellet raga over dei, og vore – og er – viktig i livet deira. Arbeid i bratta, fjellet og stølslivet, har forma lustringen. Lustringen sine levekår gjennom tidene er lettare å forstå med kunnskap om korleis Lustralandskapet er forma.

Les om korleis fjella er danna og forma- klikk her

Fjellet har gitt gode beite. Jakt og fiske har gitt matauke. Fjellet har gitt gode og vonde opplevingar. Mykje slit i bratta, men folk har klart seg med å rydda, dyrka og byggja på dei utrulegaste plassar. Heimar, løer og sel, finn me både høgt og lågt.

Turar i fjellet har vore -og er framleis viktig for folkehelsa til lustringen. I lang tid har turismen i Luster vore bygd rundt fjord, fjell og bre – den grøne fjorden, dei ville fjella og isbreane. Både i arbeid, jakt og fritid har landskapet og fjellet gitt folk utruleg fine naturopplevelsar. Det unike landskapet er viktig for at nettopp Luster er reisemål for mange turistar både i bil og båt.

Men fjellet og dalane er nådelause når uveret bryt laust. Snøsmelting og mykje regn har skapt flaum og ras i alle tider. Bygder har vorte isolerte, og hus og heim ødelagt. Sterk vind med kraftige kastevindar har lagt skogen flat.

Er du særleg interessert i lokale stadnamn så finn du det på: https://fylkesatlas.no/ Søk etter stadnamn og hak av for stadnamn under temalag.

Mastergradsoppgåve UIB om stadnamn i Luster. Om stølar frå side 71.

Nve sine kart har mange temalag du kan velje. Blant anna snøskred, flom og svekka is på grunn av kraftutbygging. Sjå Nve sitt kart over faresoner for skred i bratt terreng.

Webkamera:
Rødekorshytta
(Sogn Skisenter)
Tindevegen
(nettside med fleire kamera)

Les om og sjå fantastiske bilde frå terrengløpet Lustrafjorden inn.